Barn i konfliktsona, boklansering og panelsamtale

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Velkomen til boklansering og panelsamtale med to av forfattarane, Inge Nordhaug og Thor Aage Egeland. Dei presenterer boka og blir intervjua av Bjarte Gangeskar.

Om boka:
Boka handlar om konflikter der barn er involvert. Konflikta kan være mellom to foreldre eller mellom foreldre og barnevern. Ofte handlar dei om omsorg og samvær, og det er særlig når ei konflikt vert betent og kronisk at den virker negativt inn på barnet. Forfattarane tek for seg korleis ulike etatar behandlar slike konflikter, og beskriv prosessar som kan auke eller dempe dei. Viktige stikkord er familieforståelse, kommunikasjon og kultur, makt, juss, mekling og konfliktdempande strategier.

Boka rettar seg mot dei som arbeider i rettsvesen, barnevern, på familiekontor og i konfliktråd. Men også helsesjukepleiarar, og tilsett i skule og barnehage vil møte barn i konfliktsona, og difor ha nytte av den.

Om forfattarane:
Inge Nordhaug er klinisk sosionom med bakgrunn fra barne- og ungdomspsykiatrien, der han har arbeidd i over 30 år. Han har videreutdanning i veiledning, psykoterapi og psykodrama, og har også studert teologi og juss. Nordhaug var sentral i opprettelsen av RVTS Vest.

Thor Aage Egeland er spesialist i klinisk psykologi. Han har arbeidd i psykisk helsevern for vaksne og for barn og ungdom, blant anna med familiebehandling. I dag arbeider han primært som barnefagleg sakkyndig for rettssystemet i barnelovs- og barnevernssaker.

Lennart Lorås er professor ved Institutt for velferd og deltaking, Høgskulen på Vestlandet, og professor II ved Fakultet for sosialfag ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han tok doktorgrad i systemisk psykoterapi i 2016, med temaet psykisk helsevern og familieterapi.

Intervjuar:
Bjarte Gangeskar er utdanna sosionom med vidareutdanning i barnevern og barnevernsleiing. Han har vore barnevernleiar i mange år, har jobba som leiar i Konfliktrådet og har erfaring som sakkunnig meddommar i saker etter barnelova. Bjarte har hatt ei viktig stemme i den offentlige debatten om barnevern og har kome med innspel til vårt arbeid med boka.

Arrangementet er i samarbeid med Fagbokforlaget.

Velkomen!