
Beredskapshage – enkelt kurs
Ved Prestebøen 8 i Førde er det plassert ut mange pallekarmar. Her har prosjekt Grøderike Sunnfjord teke initiativ til ein nærmiljøhage, der du kan få vere med å dyrke grønsaker, blomster og urter.
Tema i nærmiljøhagen i 2025 er beredskapshage,og torsdag 24. april vert det ei kort innføring i kva du som innbygger bør kunne for å dyrke eigen mat. Det treng ikkje vere så veldig komplisert. Det blir praktisk arbeid i nærmiljøhagen. Ingen forkunnskap er nødvendig og det vert lett innføring i korleis gjere det heime eller i felleshagen.
Nærmiljøhagen samarbeider mellom anna med Førde vgs avdeling Mo. Dei har kompetanse og gjer tips til dyrking og kva vi kan dyrke i èin beredskapshage.
Arr. er i samarbeid med Førde bibliotek, som i veke 17 markerer berekraftsveka!