Bondeforteljingar – eit forfattarmøte

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Det vert eit spennande forfattarmøte på Førde bibliotek denne måndagskvelden. Ove Farsund vil leie samtalen med Kathrine Kinn og Lars Amund Vaage.

“En bondefortelling”, Kathrine Kinn: På garden Rørtveit i Telemark driv Kathrine og Gunleik med sau, epler og kyr slik forbrukarar og politikarar hevdar at ein bør drive landbruk i landet vårt, med dyr på beite og med omsyn til naturen og husdyra sitt beste. Arbeidet er hardt og omfattande, men gjev glede og konkrete resultat, kvar dag gjennom årstidene. Kathrine Kinn har tidlegare vore nestleiar i Norsk Bonde og småbrukarlag og er ein omtykt skribent. Ho målber innsikter om vilkåra som må gjelde for framtida i norsk landbruk som stadig fleire lyttar til.

Samstundes lever ho eit liv som kan minne om Clara sitt.

Clara er hovudpersonen i Lars Amund Vaage sin siste roman «Mjølketid». Som ung byjente frå Bergen vert ho hjarteleg forelska i Gabriel Hallvardson i Hauge og fylgjer han til odelsgarden i Sunnhordland i mellomkrigsåra, for å vere gardbrukarkone der. Romanen er eit rikt portrett av ei kvinne i ei tid og i eit liv som høyrer fortida til, men som likevel også kan høyre framtida til, slik ho ligg framom oss og ber oss om å bøye oss mot molda og det som kan gro, på nytt.

Gratis arr.  Velkomen!