
Ein kvardag med ME – Tone Bakke
Tone Bakke (f. 1985) er oppvaksen på Davik i Nordfjord, og er i dag busett på Vassenden i Sunnfjord. Ho er mor til to tenåringar, men er også kronisk sjuk med ME, og er i kvardagen sengeliggande i 22 timar av døgnet. «Det er ikkje mine sko du ser» er hennar bokdebut. På Møteplass Førde bibliotek vil Tone Bakke sjølv lese frå diktsamlinga si. Det vert servert kaffi, te og noko lite å bite i. Velkomen til eit sosialt treffpunkt, der vi både kan lytte og delta i samtalen.
«Med denne debutboka står Tone Bakke fram med ei sterk og særmerkt litterær stemme. Prega av ein alvorleg ME-sjukdom formidlar ho tunge kvardagserfaringar, men også eit boblande overskot av glede og kjærleik til livet.” Ove Eide, pensjonert lektor, forfattar