Ein skuletime om Audun Hugleiksson
Baron Audun Hugleiksson Hestakorn var lovskrivar under kong Magnus Lagabøte i tida då den første landslova vart utforma. Lova sette rett framfor makt og gav kong Magnus tilnamnet “den milde” i hans levetid. Under den unge kong Eirik Magnusson fekk Audun stor tillit. På vegne av kongen og landet forhandla han fram avtalar kring både militære, økonomiske og ekteskaplege alliansar med land som Skottland, England, Danmark og Frankrike. Snart er han mellom dei rikaste og mektigaste mennene i Noreg og let bygge sitt eige slott ved Jølstravatnet på heimegarden Hegrenes. I 1299 vart han fengsla og i 1302 vert Audun hengd frå galgen på Nordnes. Eit djupt fall, ei stor gåte. Kva hende med Audun Hestakorn?
Etter andre verdskrigen samla Sunnfjord sogelag inn pengar til ein minnestein for Audun. Steinen var eit uttrykk for den viljen folk i bygda i lang tid hadde synt for å hente historia om kongens lovskrivar fram i takksemd for livsverket han la ned i teneste for landet sitt: «Skirsla stig minnet i sogeljos» les vi i inskripsjonen på steinen.
Denne kvelden vil Terje Lyngstad fortelje om Landslova etter Magnus Lagabøte og Audun Hugleiksson sitt liv og soge.
Sogekvelden er i samarbeid med Naustdal sogelag og Naustdal bibliotek i Sunnfjord. Det er fri inngang.
Snart feirer Sunnfjord kommune Landslova og arbeidet til Audun Hugleiksson på nytt, på Ålhus. Les meir om landslovshelga sist i september.