Er du førebudd? Nasjonal eigenberedskapsveke
Kva gjer du om vatnet forsvinn? Korleis vil du klare deg om straumen blir vekke ein lenger periode? Kva gjer du om du ikkje får handla på ei veke?
Veke 44 er nasjonal eigenberedskapsveke i Norge. Då sett vi fokus på din eigenberedskap. Beredskapskoordinator i Sunnfjord kommune, Jan Birger Moe, vil snakke om beredskap generelt og om eigenberedskap spesielt.
Klimaendringar, krig og digitale truslar – Sjølv om det meste fungerer som det skal i Norge, må vi vere førebudd på at ekstremvær, pandemiar, ulykker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan ramme oss.
Få informasjon og still spørsmål du lurer på!
Førde bibliotek, onsdag 29. okt. kl. 12-13.30.


