Ferjefolket, foredrag med Halvor Folgerø

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela, anten vi likar dei eller ikkje. Sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar. I den nye boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø.

I foredraget får du høyre dei beste historiane, og sjå dei finaste bilda. Halvor Folgerø er forfattar, musikar og journalist. Han har dei siste åra hatt stor suksess med bøkene sine om Vestlandsvegar. 

Arr. i samarbeid med Folkeakademiet i Førde.

Gratis inngang. Velkomen!