Fixekveld – lapp buksa di
Velkommen til fixekveld og lær deg ein ny måte å reparere kle på heilt utan bruk av maskin!
Boro er betegnelsen på japanske kle som er lappa og reparert. Ordet kjem frå det japanske ordet boroboro, som betyr fillete.
No kan du lære å lappe buksa di eller andre kle med denne morsomme teknikken. Det egnar seg til dømes godt på dongeri med stretch. Ta med deg ei bukse du vil fikse og gjerne ei du kan bruke til lappane. Har du ikkje eit plagg å fikse kan du lære teknikken ved å lage deg eit lite nålebrev til sysakene dine, så har du det klart når du treng å fikse noko neste gang.
Arrangør: Midtre Sunnfjord husflidslag stiller med sysaker, nål og tråd og inspirasjon. Velkomen!
Arrangementet er i samarbeid med Førde bibliotek og ein av fleire aktivitetar i Berekraftsveka 2026 (Veke 17 har fokus på FN sine 17 berekraftsmål)
