Illustrasjonsfoto til gotisk lesegruppe. Bergen fylke, Annet prestearkiv nr. 1 (1605-1624) - side 1 i forhandlingsprotokollen

Gotisk lesegruppe

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Fredag 12. april kl. 12.00 er vi attende med lesegruppa for gotisk skrift på biblioteket ved Yngve Nedrebø, statsarkivar i Bergen og fagdirektør for skriftforvaltning i Arkivverket. Yngve er denne gongen med oss på Førde bibliotek og arrangementet varer i 3 timar.

Lesegruppa passar for alle som arbeider med lokalhistorie og slektshistorie, og som ynskjer å lese dokument med gotisk skrift. Tekst vert sendt ut til deltakarane på førehand etter avtale.
Denne fredagen skal vi ta for oss Henrik Albertsen Graff frå Bergen som vart i 1605 ansatt som sogneprest i Jølster.  Det gjekk ikkje så bra med denne presten som vart anklaga for både det eine og det andre!

Ta kontakt med Førde bibliotek på epost for påmelding eller teamslenke viss du ynskjer å delta digitalt: bibliotek@sunnfjord.kommune.no eller telefon 57721909 for påmelding og utsending av skriftmateriale på førehand.