Haustferien på biblioteket
Perling med Ingunn
Onsdag 7. oktober kl. 12–14 finn Ingunn fram perlene og inviterer til ein kreativ pause på Førde bibliotek. Kom innom og lag noko fint i haustferien!
Onsdag 7. oktober kl. 12–14 finn Ingunn fram perlene og inviterer til ein kreativ pause på Førde bibliotek. Kom innom og lag noko fint i haustferien!
Ta ein leseferie på biblioteket!
Haustferien er ei perfekt tid for å senke tempoet, finne fram ei god bok og berre lese. På biblioteka finn du bøker for små og store, anten du likar spenning, humor, fantasy, teikneseriar eller gode forteljingar frå verkelegheita.
Kom innom, finn deg ein koseleg plass og ta ein liten leseferie hos oss. Du kan også låne med deg ein bunke bøker og lage din eigen lesekrok heime.
