I skuggen av sjukdom: ei kveldssamtale om pårørande

Dato

Tid

Stad

Sunnfjord Rådhus

Kva vil det seie å vere pårørande, og korleis kan vi vere det på gode måtar? Tre personar kjem med sine svar på dette spørsmålet i ei samtale med Katrine Sele (HVL):

  • Siri Ytrehus, professor i sosiologi ved HVL
  • Ellen Johanne Svendsbø, helseforskar ved HVL, med erfaring som pårørande for to demensråka foreldre
  • Ingri Løkholm Ramberg, litteraturvitar frå UiT Norges arktiske universitet

Pårørande har ei sentral rolle i utøvinga av samfunnets helse- og sosialtenester, og deira uløna innsats utgjer om lag 136.000 årsverk i Noreg. Trass i at dei aller fleste av oss blir pårørande i løpet av livet, har dette historisk sett vore ei usynleg gruppe.

Kveldssamtalen på Sunnfjord Rådhus, Sunnfjordsalen (4. etasje) er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet(HVL) og Førde bibliotek.
Forskingsdagane ved HVL, Campus Førde, har i år fokus på det å vere pårørande.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen!

Då mor til Ellen Johanne Svendsbø fekk demens, begynte ho ofte å ta mor si med på biltur. Den gamle bondekona hadde alltid likt å køyre bil. Viss dottera i tillegg sette på nokre sekstitalshits på bilstereoen, hende det at mor hennar dansa i passasjersetet, svinga med bein og armar. Men på andre bilturar kunne det hende mora var mutt og sur, og spurde «Kor skal vi hen?» kring hundre gongar. Då kunne dottera bli ute av seg, og svare skarpt, for sidan å angre forferdeleg. 

Den siste tida har pårørande likevel komme meir og meir fram i lyset – ikkje minst gjennom litteratur og film. Korleis har kulturen bidrege til å få fram sider av pårøranderolla som vi oftast nøler med å snakke høgt om? Og kan ei barnebok eller ein roman kaste lys over nye, meir kreative måtar å møte våre næraste på når dei blir sjuke? Ingri Løkholm Ramberg, redaktør og bidragsytar til boka «I skyggen av sykdom: Skandinaviske pårørendefortellinger i vår tid», vil seie noko om dette.

Siri Ytrehus har forska i mange år på eldreomsorg, familieomsorg og kommunale helse- og omsorgstenester. Ho ser korleis situasjonen til pårørande i Noreg skil seg frå mange andre land. Eldre her lever lenge, og det gjer omsorgsbelastninga større for dei vaksne barna. Samstundes er relasjonane mellom barn og foreldre i Noreg ofte tette og gjensidige, utan dei hierarkia ein kan sjå i mange andre kulturar. Dette lettar omsorgsoppgåva og gjer den meir naturleg.