Jakt og fiske i Gaular
Gaular er eit område med rike jakt- og fisketradisjonar som går tilbake til jernalderen. Høyr Joar Sande frå Gaular Sogelag fortelje om områdets spanande jakt- og fiskehistorie, og smak lokale råvarer i etterkant! Det blir også ei premieutlodding i regi av det nystifta Gaular Jakt- og fiskelag.
Skogens festbord er eit buffettilbod til 400kr per person. Menyen må bestillast på førehand hjå Tønna/Olav Birkeland på tlf. 901 26 667. Bestillingsfrist onsdag 16. oktober.
Menyen vil innehalde villaure, hjort og bær sanka lokalt av Gaular Jakt- og Fiskelag.
Plan for kvelden (obs – det kan bli endringar):
19:00 – Velkomen, introduksjon og utdeling av premielodd ved Sunnfjord bibliotek
19:05 – Joar Sande frå Gaular Sogelag fortel om jakt og fiske i Gaular
19:45 – Patrick Langeland frå Gaular Jakt- og Fiskelag held premieutlodning og fortel om råvarene
20:00 og utover: Skogens festbord: buffet i regi av Tønna

Arrangementet er eit samarbeid mellom Gaular Sogelag, Gaular Jakt- og Fiskelag, Tønna og Sunnfjord bibliotek. Arrangementet er gratis, men ein må betale for servering på Tønna.
Har du spørsmål? Ta kontakt med Sande bibliotek på bibliotek@sunnfjord.kommune.no, eller send oss ei melding på Facebook.