Jakta på ein serieovergripar – samtale

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Hausten 2020 vart ein mann frå austlandet dømt for overgrep mot fleire unge jenter, mykje takka vere Stine Reksten, som hadde samla bevis mot mannen over fleire år. På Førde bibliotek kan du høyre Stine si historie og samtalen mellom Stine og forfattar av boka “Jakten på en serieovergriper”, Anne-Britt Harsem. Jorun Systad vil vere samtaleleiar.

Stine Reksten si historie er sterk lesnad. Ho fekk kontakt med mannen på internett då ho berre var 13 år. Det som i byrjinga var ein vaksen som endeleg “såg” kven ho var og som ho fekk tillit til, vart også ein overgripar. Stine greidde etter fleire år å avslutte kontakten med mannen, men ho såg han att i vaksen alder, og mistenkte at også andre unge jenter vart utsette for overgrep. Ho tok opp att kontakten og greidde å samle bevis på kva han hadde gjort mot ho i ungdomstida.

Anne-Britt Harsem debuterte som sakprosaforfattar i 2012 med Mammas svik, om overgrepssaka i Alvdal. Året etter ga ho ut oppfølgaren Brev til min datter og til slutt I et hus i Alvdal. Ho har gjeve ut fleire bøker, dei fleste med barn og oppvekst som tema, blant annet Den mørke hemmeligheten i Tysfjord, som er fra det lulesamiske miljøet i Tysfjord. Harsem har i ei årrekke vore frilansar for Statsforvaltaren i Oslo og Viken som midlertidig verge i forbindelse med tilrettelagte avhøyr av barn og unge i straffesaker som handlar om familievold og seksuelle overgrep, og der dei mindreårige har status som vitne eller fornærma i saka.

Arr. er gratis, men avgrensa plass.
Gratisbillett via Førdehuset.no.

Boksal og signering etter samtalen.