Jul i Førdehuset

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Velkommen til Jul i Førdehuset – ein dag fylt med ekte julestemning og aktivitetar for heile familien! Den 14. desember vert Førdehuset forvandla til eit førjulsparadis med noko for alle.

Vi byr på  kunstustilling,  juleforteljingar, konsertar frå Sunnfjord kulturskule, julekino, juleverkstad, leik og ansiktsmaling. Nytt av året er ein nisserebus som tek deg gjennom heile Førdehuset, der små og store kan jakte på hint og oppleve førjulsmagi rundt kvart hjørne.

Sjølvaste julenissen kjem på besøk og er klar til å spele  julesjakk – kanskje du tør å ta ein runde med han?  I symjehallen kan de delta på  undervatn-julequiz, og det er rabattert pris på julebadet for alle som vil ta seg ein dukkert. Det blir også servert  julegraut, og finn du mandelen, vankar det ein hyggeleg premie!  I tillegg vert det lesestund i biblioteket , julebingo med søte gevinstar, og mykje anna å glede seg til. Ta med heile familien til ein dag fylt med glede, latter og julehygge!