Jul i gamle dagar – Sogekveld på biblioteket

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Korleis feira ein eigentleg jul i gamle dagar? Var det vanleg med gåver og juletre som i dag, og korleis var romjulsdagane? Skikkane har sjølvsagt endra seg med tida, men å førebu seg til julehelga har vi gjort i lange tider. Heldigvis er det mange som har skrive om ymse juletradisjonar, frå eldre og nyare tid.

På Førde bibliotek vert det opplesing av julehistorier frå sogeskrift og julehefter. Det vert også presentasjon av årets utgjevingar av Førde historieskrift, Jølst, Sogehefte frå Gaular, Sogeskrift frå Naustdal og Jul i Sunnfjord. Førde mållag vert også med på arrangementet.  

Vi serverer kaffi, gløgg og julekaker. Det vert mogeleg å kjøpe dei ulike sogeblada.

Velkomen til ein koseleg førjulskveld på biblioteket!
Gratis arr.