Kompostering med bokashi

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Kompostering med bokashi er ein lettvint og smart metode som omdannar matavfall til næringsrik jord og gjødsel på få veker. Bokashi tek liten plass og luktar ikkje vondt. Bokashi  passar like fint i byen som i hus med hage.

Du legg matavfall lagvis med bokashistrø i bokashibøtta. Bokashistrøet er tilsett effektive mikrobar som vil sette i gang gjærings- eller syrningsprosess (fermentering), når dei kjem i kontakt med organisk materiale i det lufttette miljøet i bøtta. Det organiske materialet brytast opp men alle næringsstoffar blir att i komposten  – i nedbroten form. Det skjer inga råtning av matavfallet. Det vil sjå ut omtrent som då du la det ned i bøtta. Når det fermenterte matavfallet  seinare kjem i kontakt med jord, enten inne i ei kasse med litt jord, eller ute. Den vidare omdanninga til jord går då svært raskt, og er endå ein fordel med metoden.

Bokashi er eit godt alternativ til kjeldesortering av matavfall. Ved bokashi-kompostering vil all næring og energi førast tilbake til jorda.

Sett av kvelden og lær meir om bokashi!