Kor mange utvandra til Amerika?
I kyrkjebladet, “Hyrdingsrøysta”, var det i 1948 ein artikkel om utvandra jølstringar: “Det er lenge no sidan første Jølstringen drog til Amerika. Kyrkjebøkene viser at den første som drog var Ole H. Ingebrigtsen Gjesdal, f. 11.11.1826. Han for frå bygda 8.7.1850. Sjur Olson Gjesdal fylgde på med huslyden sin i april 1863.”
Men kor stor var eigentleg utvandringa frå bygdene i Sunnfjord? Dette vil Yngve Nedrebø, tidlegare statsarkivar i Bergen og fagdirektør for skriftforvaltning i Arkivverket, ta for seg i eit foredrag på Førdehuset, laurdag 6. september, i samband med markeringa av utvandringsjubileet 2025.
Arr. er gratis. Velkomen!
Det vert fleire arrangement og aktivitetar helga 5.-7. september. Fullt program finn du også på nettsida vår.
