Kurs i samtaleleiing med Sandra Lillebø

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Sandra Lillebø er forfattar av kritikarroste romanar og diktsamlingar, frilansjournalist og røynd samtaleleiar. I dette kurset vil ho dele dei beste råda ho har for korleis ein får til ein levande samtale som er interessant både for publikum og for dei som sit på scena.

Kurset er gratis, men det er avgrensa med plass. Send påmelding til anne@tekstallianse.org

Ho vil gå gjennom førebuingar og alt ein skal tenke på før ein seier ja til eit oppdrag, korleis ein bør gå fram i den første kontakten med forfattaren, intervjuteknikk og førebuing av spørsmål.

I tillegg vil ho ta føre seg sjølve gjennomføringa: Alt ifrå antrekk til bruk av manus, innleiing og avslutning på samtalen, og oppfølging av spørsmål fra salen – og kva ein skal gjere om alt går skeis. Det vert rikelig med tid til spørsmål og innspel.

Opplegget er retta både mot dei som har erfaring som samtaleleiar, dei som ønsker å utvikle kompetansen for å kunne ta denne typen oppdrag, og er også relevant for journalistar.

Kurset er i samarbeid med Tekstalliansen.

NB!
Seinare samme dag på Førde bibliotek kan du høyre Lillebø intervjue den populære svenske forfattaren Tina Harnesk. Dette arrangementet er i regi av Rom for ord og Sunnfjord bibliotek, og er gratis og opent for alle.