
Kva gjer vi når insekta forsvinn?
Ingen veit heilt kva som skjer, men det blir stadig færre insekt. Nokre stadar er nedgangen dramatisk. Biologen og forfatteren Erik Tunstad har brukt år på å studere krisa og har nettopp gjeve ut boka “Å elske et insekt. Hva skjer når insektene forsvinner?” Erik Tunstad er biolog, med insekt og evolusjon som spesialfelt. Han er også journalist og forfattar av fleire bøker.
På Førde bibliotek vi han snakke om insekt, kvifor han elskar dei, og kor gale det kan gå hvis dei forsvinn. Han vil også snakke om at det ikkje treng å gå den vegen – hvis vi handlar raskt og effektivt.
Tunstad sitt foredrag varer ein liten time. Deretter vert det tid til litt spørsmål og ein samtale. Det vert boksal av Tunstad sine bøker etter foredraget.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Humanetisk forbund Sogn og Fjordane og Førde bibliotek.
Det er gratis å delta. Velkomen!