Landslova 750 år – og kva så? Med Pål Berg Svenungsen

Dato

Tid

Stad

I 2024 feirar vi at det er 750 år sidan Landslova vart vedteken på Frostatinget. Jubileet feirast med brask og bram av det offentlege Noreg, men kva er det som eigentleg feirast – og er det noko som i det heile er verd å feire?!

Vi får besøk av Pål Berg Svenungsen, som verkeleg har “friska opp” historieformidling med å bruke Lego-figurar som illustrasjon! I foredraget skal vi sjå nærare på kva Landslova eigentleg er (og litt om kva ho ikkje er). Pål Berg Svenungsen snakkar om kvifor lova på mange måtar er eit unikt stykke lovarbeid i ein europeisk mellomalder-samanheng. Han fortel om mannen som stod bak ho, den heller ukjende kongen, Magnus VI Håkonsson (konge 1263-1280), betre kjend som Magnus Lagabøte.

“Jeg elsker middelalderen! Og jeg elsker å forske på korstogene i Skandinavia og Europa. Oh, så elsker jeg også vikinger!”

Pål Berg Svenungsen er førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Sogndal.

Gratis foredrag på Førde bibliotek.
Laurdag 21. september kl. 14.00.

Velkomen!

Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet: Landslovjubileet – Vestland fylkeskommune 

Jubileet i Vestland er eit samarbeid mellom:

 

 

Sunnfjord kommune markerer Landslovjubileet med stor festhelg på Ålhus, 27.-29. september.