Litterære glimt – litteratur, te og tankar
På Førde bibliotek inviterer vi til eit hyggeleg og sosialt treffpunkt annankvar tysdag denne hausten. Kanskje du kan oppdage noko nytt og inspirerande innan litteraturen eller dele tankar om noko du sjølv har lese? Te/kaffi og noko lite å bite i høyrer med!
Denne tysdagen vert det møte mellom det absurde og det allmennmenneskelege, mellom latteren og dei store spørsmåla om korleis vi ønskjer å leve liva våre. Kva skjer når ein tar eit steg til side frå det vanlege livet? Eksempel vert henta frå både Jon Fosse og Erlend Loe sine forfattarskap.
- kort litteraturformidling frå biblioteket
- enkel samtale rundt teksten (heilt frivillig!)
- gratis te og noko lite å bite i
- tips til vidare lesing – lån gjerne med ei bok heim
- ingen påmelding
- berre litteratur, te, samvær og ei opa dør
Velkomen!
