Løyndomane vi ber på – forfattarsamtale
Velkomne til ein forfattarsamtale om tid, løyndomar, folkesnakk og frigjering. Slike tema pregar forteljingane i Johan B. Mjønes sine omtykte og kritikarroste romanar.
I den siste boka hans «Spuria» møter vi Kristin. Ho er 87 år og har ikkje tid att til å skamme seg, ikkje til å nøle heller. Då ektemannen gjennom meir enn 60 år endeleg døyr, må ho finne att guten ho gav bort til adopsjon då ho var 16 år, utan ein gong å få sjå babyen sin. Så må ho endeleg også fortelje.
I romanen «Heim» møter vi 94 år gamle Jørgen som er døyande. Aleine i sjukehussenga glir han inn og ut av tida, tilbake til livet på familiegarden Heim i Trøndelag, der odel er ikkje er noko val, men ei plikt og eit privilegium.
Korleis kan vi forsone oss med liva våre, slik dei blir, slik dei blei?
Velkomne til forfattarsamtale på Førde bibliotek måndag 5. mai, i samarbeid med Rom for ord.
Samtalen vert leia av Evy Kjøsnes Singstad, kulturkonsulent i Sunnfjord kommune.
Gratis arr.

