Bilete av Maria Parr og Åshild Irgens

Maria Parr – Oskar og eg

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Møt Maria Parr og illustratør Åshild Irgens i samtale om den nye boka “Oskar og eg”. Maria Parr vil lese utdrag frå boka, og vi får også oppleve korleis figurane tek form når Åshild Irgens teiknar Oskar og Ida for oss, slik ho ser dei. Det vert ein samtale leia av Heidi Fagna ved Nynorsksenteret.

Korleis kan leiken og forteljingane vere nøklar til skattkammer i barndomslandet? Små, grå stader blir store og fargerike med fantasien som verktøyskrin og høgtlesinga som øvingsrom. – Alle barn har eit potensiale for å kunne like å bli lest for, seier Maria Parr. Men kva skal vi lese? Og korleis?

I barneboka «Oskar og eg» møter vi Ida som er åtte år og bur i eit raudt, umoderne hus på toppen av ein bakke i bygda si, saman med mamma, pappa og veslebroren Oskar. Oskar greier å leike på ekte, men Ida har begynt å bli leikesjenert. Det er ikkje det same å leike på lat. Då blir den store, fine leikehytta i skogen lita og stygg.

Gratis arrangement. Velkomen!