Minnets lysande grense og ein kjærleik som toler og toler

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Møt forfattar Lars Ramslie og Jorun Systad i samtale om Ramslie sin kritikerroste roman Fjellet, geværet, vannet (2023). Ein stor roman om kjærleik, slekt og arv som følgjer opp personane og historia vi møtte i «Biopsi» (1997), som han fekk Vesaas’ debutantpris for.

Vi møter Lars Einar (9) som er med faren til barndomsheimen hans, ein gard ved ein fjord på vestlandet. Ein sommarferie der eit barn skal vere saman med ein skilt far som har store utfordringar med livet. Eit ømt og sårt portrett av ein far og ein oppvekst.

Lars Ramslie (f. 1974) debuterte i 1997 med romanen Biopsi, som han fikk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Seinare har han gitt ut romanane Mikrokaos (1999), Destroyer (2000), Fatso (2003), Uglybugly (2004), Liten fugl. Mors bok. Sangen om skogen og kornet (2014) og Liten fugl. Alt som blir gjort av kjærlighet (2016). I 2023 fekk forfattaren Oktoberprisen for sin sjuande roman Fjellet, geværet, vannet. Romanen vart utgitt på fransk i haust og har fått strålande kritikk i avisa Le Monde.

Arr. i samarbeid med Teater Vestland og med støtte av stiftelsen Fritt ord.