Møteplass Førde bibliotek
Friskliv og Frivilligsenteret og Førde bibliotek inviterer til ein sosial møteplass kvar tysdag kl. 11.00. Du kan bli litt betre kjent med biblioteket og dei tinga du kan gjere eller få hjelp til på biblioteket. Vanlegvis les bibliotekar Ingunn eller Jorun litt frå ein roman, eit dikt eller ei novelle. Du får ein kaffi- eller tekopp, og vi pratar saman om laust og fast.
Dette er for alle, kom som du er. Velkomen!