Poesi og yoga

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Poesi og yoga på biblioteket; start dagen med ein stille og stemningsfull time, der vi kombinerer mjuk yoga med lesing av utvalde tekstar. Dette er ei stund for å senke tempoet, finne fokus og samle energi før dagen tek til – heilt utan krav til forkunnskapar, verken i yoga eller litteratur.

Ta gjerne med ei yogamatte (eller gje biblioteket beskjed om du treng å låne). Kle deg komfortabelt.

Poesi og yoga er eit arr. i høve jubileumsveka for Førdehuset, og det vert 2 sjansar til å vere med:  

  • Tysdag 9. juni kl. 07.30-08.30
  • Torsdag 11. juni kl. 07.30-08.30.

Vel møtt til ei mjuk og inspirerande morgonstund!