
Ro deg ned! Om kvinner, sinne og solidaritet
Solveig Mork Holmøyvik var ei sint lita jente som vaks opp til å bli ei veloppdratt kvinne. Så vart ho mor og forstod at sinnet berre hadde lege i dvale. Når det no hadde vakna til live: Korleis skulle ho handtere det? Måtte sinnet temjast, eller kunne det gå an å bli ven med det?
I Ro deg ned! Om kvinner, sinne og solidaritet undersøker ho sinne frå mange synsvinklar: psykologisk, politisk, kulturelt og biologisk.
No møter ho forfattar Katrine Sele til samtale om boka på Førde bibliotek.
Gratis arr. Velkomen!