Røyster mellom to land
Røyster mellom to land er ei litterær-musikalsk framsyning med Reidun Horvei og Inger-Kristine Riber, som vil gje oss glimt frå liva til kvinner som utvandra frå Vestlandet til Amerika mellom 1825 og 1925. Kva tok dei med seg då dei reiste? Kva måtte dei leggja att? Og kvar høyrer ein heime når livet vert levd mellom to land?
I forestillinga møter vi kvinner frå Vestlandet som forlét Noreg for å skapa seg eit nytt liv i Amerika. Fleire av røystene har røter i Sogn. Gjertrud Rumohr Haug reiste frå Sogn til Wisconsin, Lina Svåi frå Marifjøra til North Dakota, og Bertha Sylliaasen frå Sande i Balestrand til Washington. Bertha levde mellom norsk og engelsk, mellom to kulturar – ei erfaring som står sentralt i framsyninga.
Musikken er ein berande del av forteljinga, med Reidun Horvei på song og Inger-Kristine Riber ved pianoet. Musikken kryssar norske og amerikanske tradisjonar og veks inn og ut av forteljingane – som eit musikalsk landskap kring røystene, tekstane og reisene mellom dei to landa.
Velkomen til lunsjkonsert med servering i utstillingssalen på Førdehuset. Forestillinga er gratis, og i samarbeid med Førdehuset og Førde bibliotek.
