Botaniseringstur på Soleide i Førde

Dato

Tid

Stad

Soleide

Våren er her for fullt og det spirer og gror! Har du lyst å vere med på ein fin skogstur, sjå kva plantar som har kome fram, og lære litt om dei? Anne Johanne Schei vil vere vår “guide” gjennom skogen på Soleide i Førde. Ein lett og fin rusletur som vil passe for alle aldrar.

På vår veg vil vi også plukke med oss søppel og rusk vi måtte finne. Naturvernforbundet i Sunnfjord vil ha med bossekkar som vi kan samle dette i.

For å kome til Soleide køyrer du til Vie, og held fram på ein grusveg, over ei ferist, heilt til du kjem til ein parkeringsplass. Oppmøte kl. 17.30.

Skogsturen er eit samarbeid mellom Anne Johanne Schei, Naturvernforbundet i Sunnfjord og Førde bibliotek, og er eit ledd i Berekraftsveka 2026.