Sommarles 2024
Sommarles.no har starta!
No startar den digitale lesekampanjen Sommarles.no i heile Norge. Frå 1. juni kan alle 1. – 7.klassingar i Sunnfjord kommune vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Norge. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 166 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.
Sommarles.no gjer det gøy å lese!
– Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
– Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse og varer fra 1. juni til 31. august.
– Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
– I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på alle biblioteka i kommunen!
– Sommarles.no er utvikla av Vestfold fylkesbibliotek og Snuti AS.