Strikk og lytt med Ingunn
Velkommen til Strikk og Lytt i Halloween-utgåve!
Premissane er dei same: du tek med handarbeid (eller berre deg sjølv), og Ingunn les for deg ein times tid.
Sidan vi går mot november med Halloween og andre uhyrlegheiter, vil det bli ein del grøss og gru denne kvelden. Ingunn har funne fram noko nytt og noko litt eldre, så her er det berre å (gru)glede seg! Tips: strikkepinnar i tre kan til nød nyttast som våpen mot vampyrar.
