Strikkegarn og strikkepinnar. Foto

Strikkekafé på Vassenden

Dato

Tid

Stad

Vassenden bibliotek
Velkommen til ein hyggeleg og uformell møtestad for alle som likar å strikke, eller som har lyst til å lære! Du er sjølvsagt òg velkomen om du vil ta med anna handarbeid, eller berre kome for det gode selskapet.

Vi samlast til høgtlesing, handarbeid, gode samtalar og ei triveleg stund rundt bordet. Kaffe, te og kakao vert servert.
Ta med deg strikketøyet, ein ven eller berre deg sjølv – vi gler oss til å sjå deg! 💛
Arrangementet er ope for alle.
Velkomen!