
Strikkekafé på Vassenden bibliotek
Strikkekafè – ein uformell møtestad for deg som likar å strikke, eller har lyst til å byrje å strikke. Om du ønskjer å ta med anna handarbeid, eller vil komme utan handarbeid, så kan du sjølvsagt gjere det.
Det vert litt høgtlesing, handarbeid og prat, og vi serverer kaffi, te og kakao.
Arrangementet er ope for alle som ønskjer å vere med.
Velkommen!