
Temakveld om stell av bunad
Det nærmar seg sesongen då ein kanskje brukar bunaden aller mest. Ann Lundekvam og Bodil Myklebust kjem til biblioteket for å fortelje om korleis ein best kan ta vare på bunaden, slik at den held seg fin i mange år. Dei kjem inn på stell av bunadsskjorte, stell av bunadssølv og stell av sjølve bunaden.
Førde bibliotek stiller ut brudesølvet som Førde bygdekvinnelag eig. Dette kan du leige, om du skulle ynskje å gifte deg i full bunadsstas. Norunn Hornnes fortel om sølvet som er ein kopi av brudesølvet frå Hornnes.
Arrangmentet er eit samarbeid med Midtre Sunnfjord husflidslag og Førde bibliotek.
Velkomen!

Flotte bunader på Sande bibliotek tidlegare i vinter.

Bilete av brudekrona frå Hornnes. Foto Eva Brænd