Ungdomskriminalitet, korleis skal vi saman ta ansvar?
Riksteatret kjem til Førde med forestillinga «Ord for blod», basert på boka til svenske Faysa Idle, som har mista både vener og familiemedlemer i den svenske gjengkrigen. I forkant av forestillinga inviterer vi til ein viktig samtale om korleis vi kan unngå at ungdom fell utanfor.
I panelet stiller:
Tove Nedrebø – utekontakt
Håvard Slåtten – politikontakt
Edith Dale Burdahl – ass. einingsleiar for skulehelsetenesta
Jon Anders Schei – barneverntenesta
Samtalen blir leia av biblioteksjef Jorun Systad
Arr. er gratis og ope for alle interesserte!
Søndag 9. november gjestar Riksteatret Førdehuset med det høgst aktuelle stykket «Ord for blod».
Riksteatret og Det Norske Teatret lagar teater basert på Faysas forteljing frå eigen oppvekst. «Ord for blod» er ei sann historie, ein innsiderapport frå veslesystera til den farlegaste gjengleiaren i Sverige. Det er ei sår og ærleg forteljing om å vere menneske og kvinne, og hamne midt i eit dødeleg gjengoppgjer – i ein verd der vaksne ikkje er til stades.
Eg håpar alle vaksne vil ta med seg ungdommane sine på «Ord for blod». Vi må forstå at vi alle har eit felles ansvar, sa Faysa Idle til NRK Dagsrevyen etter premieren.
Faysa sine næraste vener og familiemedlemmer står på kvar si side av gjengkrigen. Ho har ikkje lenger oversikt over kor mange ho har mista. Faysa si historie er ein tankevekkjande rapport frå tilstandar som mange av oss berre kjenner frå utsida. Ho vedkjem oss alle, og håpet er at teaterframsyninga kan opne for nye samtalar om kva slags oppvekst vi ønskjer at barn og unge skal få.
Førdehuset, Storsalen
Søndag 9. november kl. 18.00
Billettar på førdehuset.no
Passar for vaksne og ungdom frå 12 år.
