
Utvandringa til Amerika
Den første organiserte utvandring frå Noreg var den opposjonelle gruppa med kvekarar og haugianarar som drog frå Stavanger med skuta Restauration i 1825. Det vart ein lang og strabasiøs overfart, som tok 3 månadar. Dei 53 personane møtte store vanskar frå dei 9. oktober sette føtene i land i New York og frå dei tre veker seinare kom fram til settlementet Kendall ved Eriesjøen. Der hadde organisatoren bak utfarten, Cleng Peerson, kjøpt land til dei.
Cleng Peerson vert rekna som far til den norske utvandringa, og var den som organiserte utferda i 1825. Dei første åra var prega av prøvingar, og det tok over eitt tiår før nye grupper våga å følgje i deira fotspor.
Føredraget til Rasmus Sunde er illustrert og gir innsikt i livet til dei norske utvandrarane, både før og etter at dei slo seg ned i Amerika.
Arrangementet er i samarbeid mellom Førde historielag, Gaular sogelag, Jølster sogelag og Førde bibliotek. Arr. er gratis å delta på.
På nettsida til Norsk utvandrarmuseum er det samla mykje informasjon under logoen “Crossings 200”.