Vinterferien på Førde bibliotek
Vi gler oss til vinterferieveka der DU kanskje stikk innom oss? Biblioteket er ope som vanleg, og vi har mange aktivitetar denne veka:
Tysdag 17. feb. kl. 12-14 kan små og store kome innom og perle saman med Ingunn.
Onsdag 18. feb. kl. 18-19 vert “Humanitært hjelpearbeid” sett på dagsorden. Marius Dali (Leger uten grenser) og Isabel Hawkins (Mercy Ships) i samtale.
Torsdag 19. feb. kl. 12-14 vert det ny hobbyverkstad for dei minste med Ingunn.
Torsdag 19. feb. kl. 12-14 startar vi eit nytt tilbod: Drop-in datahjelp
Torsdag 19. feb. kl. 18.30-20.30 er det også open syverkstad på Folkeverkstaden for dei som vil låne symaskiner.
Velkomen til biblioteket!
