Dagsturhytter med nynorske turbibliotek

[Delar av innhaldet på denne sida er henta frå Vestland Fylkeskommune si nettside.]

Nynorske turbibliotek – kva er det?

Eit nynorsk turbibliotek er ei samling med freistande bøker som kan brukast på dagsturhytta. Det er folkebiblioteka i kvar kommune som har ansvar for turbiblioteket i si hytte, som forsyner det med bøker og held samlinga ved like. I Sunnfjord brukar vi også dagsturhyttene som formidlingsstader i samband med større arrangement (t.d. Storehesten Opp) eller eigne prosjekt (samarbeid med skule og barnehage eller enkelståande arrangement).

Slik ser eit nynorsk turbibliotek ut. Desse bøkene finn du på Skaraly. Foto: Anna Sambor/Sunnfjord bibliotek

I Vestland har vi 56 dagsturhytter og alle inneheld nynorske turbibliotek. Desse finn du i Sunnfjord:

  • Naustdal: Steinkorshytta. Ansvarleg bibliotekavdeling: Naustdal bibliotek
  • Førde: Gytta. Ansvarleg bibliotekavdeling: Førde bibliotek
  • Skei: Fjellro. Ansvarlege bibliotekavdelingar: Skei og Vassenden bibliotek
  • Bygstad: Skaraly. Ansvarleg bibliotekavdeling: Sande bibliotek
  • Det er også planar om ei dagsturhytte i Viksdalen.

Kvifor turbibliotek?

Lesing er eit helsefremjande tiltak, og etablering av nynorske turbibliotek i dagsturhyttene styrkar folkehelseperspektivet. Samstundes bidrar dei til gode og varierte leseopplevingar i flotte omgjevnadar. Bøkene skal stimulere til lesing og gjere nynorsk barnelitteratur kjent og tilgjengeleg for fleire. Sidan Vestland er ei nynorskfylke og Sunnfjord ei nynorskkommune, vil vi fremje lesing på ei målform som har stor lokal tilknytting.

Ei leseøkt på dagsturhytta kan vere både lærerik og kjekk! Foto: Hanne Vedvik/Sunnfjord bibliotek

Spørsmål og kontakt

Ta gjerne kontakt på bibliotek@sunnfjord.kommune.no om du ynskjer å få til eit formidlingsarrangement, eller har spørsmål eller innvendingar angåande boksamlinga på dagsturhyttene i Sunnfjord.