Bibliofil-appen

Med Bibliofil-appen har du lånekortet ditt på mobilen og du treng ikkje det fysiske lånekortet! Med Bibliofil-appen kan du også søke etter bøker i samlinga vår, reservere og fornye låna dine sjølv. I tillegg har du tilgang til mange andre spennande, digitale bibliotektenester for utlån av e-bøker, musikk, tidsskrift og film.

Slik gjer du det:

  • Last ned Bibliofil-appen, vel “Vestland fylke” og deretter “Sunnfjord bibliotek”.
  • Du finn bibliofil-appen i Google Play og Apple Store.
  • Logg deg på med lånenummeret ditt som brukarnamn (står under strekkoden på lånekortet) og PIN.
  • Du har ikkje PIN? Trykk på “glemtPIN” eller kontakt biblioteket.

Bruk appen! Då har du lånekortet og biblioteket alltid med deg!

Det er også mogeleg å bruke Bibliofil frå nettlesaren på datamaskina di. Du kjem deg inn med denne lenka, eller ved å trykke på “Søk”-knappen i søkefeltet øvst på sida.