BookBites
Biblioteka i Sunnfjord kommune brukar appen Bookbites til å låne ut e-bøker og e-lydbøker gratis. Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket. Du finn BookBites-appen i Google Play og Apple Store.
- I BookBites-appen kan du tilpasse og markere teksten, skrive notat og slå opp ord.
- Du kan endre bakgrunnsfarge på sidene, og boka vert opna på den sida ein avsluttar lesinga.
- Appen har automatisk innlevering av boka ved forfall, men du kan levere inn boka før forfallsdato.
- Du må laste ned bøkene medan du er på nett, men du kan lese dei utan nettilgang (offline).
- Du vil finne utstillingar av bøker i BookBites. Til dømes kan det vere «bokhyller» med Sommarles-tips, nominerte bøker til litterære prisar eller anbefalingar frå dei tilsette på biblioteket.