Kvinnelege forfattarar frå Sunnfjord 

Innleiing

I samband med Jane Austen-jubileet 2025 har interessa for tidlege kvinnelege forfattarskap fått nytt liv. Austen står som symbol på den skrivande kvinna som fann plass til si eiga røyst i ei tid då kvinner sjeldan fekk sleppe til. Også her heime i Sunnfjord, finn vi kvinner som tidleg tok pennen fatt – lenge før det vart vanleg at kvinner å skrive for eit offentleg publikum. 

På bakgrunn av Anne Johanne Kvale sin artikkel om skrivande kvinner frå Sunnfjord (1969) vart det tydeleg at vi kjenner dei mannlege forfattartradisjonane i regionen langt meir enn dei kvinnelege. Denne artikkelen rettar difor blikket bakover – mot kvinnene frå 1600 til 1900-talet som skreiv salmar, folkeminne, lærebøker, romanar og politiske tekstar, men som sjeldan fann plass i den nasjonale litteraturhistoria.

Frå salmediktaren Ingeborg Andersdotter Grytten på 1600-talet, til folkeminnesamlaren Nikka Vonen og kokebokforfattaren Marie Amalie Landmark på 1800-talet, finn vi ei rekkje kvinner som skreiv fram kvardagsliv, tru, lærdom og samfunn frå sitt (kvinneleg) perspektiv – ofte i motvind, og ofte utan anerkjenning.

Målet med denne oversikta er å synleggjere kven dei var, kva dei skreiv, og kvifor stemmene deira framleis har kulturhistorisk verdi.

Pionerane (1600-1850)

Dei tidlege kvinnelege skribentane frå Sunnfjord var få, men dei som skreiv, gjorde det i eit landskap der kvinner knapt hadde tilgang til utdanning eller (kunne delta i) offentleg ordskifte. Desse pionerane markerte likevel starten på ein lokal tradisjon.

Ingeborg Andersdotter Grytten 
(f. ca. 1668 – d. tidleg 1700-tal) – frå Holmedal i Askvoll.  
Salmediktar og ein av dei første kjende kvinnelege diktarane i Noreg. Saman med Dorothe Engelbretsdotter representerer ho ei kvinneleg røyst i barokkens salmetradisjon. Rundt 20 av salmane hennar vart trykte i songboka Kaars-Frugt (Bergen, 1713), som kom i fleire opplag og vart mykje brukt gjennom 1700-talet. Fleire av songane levde vidare på folkemunne heilt til 1800-talet. 
Verk: Kaars-Frugt (1713, Bergen); Dend storspralende… (1727, København). 
Betydning: Ein pioner innan norsk salmedikting – og den første kvinnelege diktaren frå Sunnfjord vi kjenner til. 

Folkeminne, opplysning og kvinnesak (1850–1900) 

Nicoline “Nikka” Vonen 
(f. 1836 – d. 1933) – frå Dale i Fjaler. 
Folkeminnesamlar, målkvinne, lærar og skribent. Ho samla inn segner, eventyr og gåter frå Sunnfjord og gav dei vidare i tidsskrift som Folkevennen og Dølen. Vonen var òg aktiv i målstriden på 1800-talet, og arbeidde for nynorsk språk og kultur. 
Verk: En Husmandsfamilie (Folkevennen, 1865); Bilete frå folkelivet i Sunnfjord (1979, nyutgjeving). 
Betydning: Ei føregangskvinne innan norsk folkeminnegransking og ein viktig kulturformidlar frå Vestlandet. 

Marie Amalie Landmark 
(f. 1845 – d. 1935) – frå Tysse i Fjaler. 
Husstellærar og kokebokforfattar. Hennar Kokebok for land og by (Kristiania: Aschehoug, 1897) vart ein stor suksess, og stod i mange heimar heilt til 1930-talet. Boka er ikkje berre ei samling oppskrifter, men eit tidsbilete av liv og matkultur på Vestlandet ved hundreårsskiftet. 
Verk: Kokebok for land og by (1897, Aschehoug). 
Betydning: Pioner innan husstell og praktisk kvinneopplysning. 

Alhed Schou (Alhed Petronelle Smith) 
(f. 1849 – d. 1920) – budde i Førde 1876–1892 
Forfattar og kulturformidlar. Skreiv natur- og folkelivsskildringar i blad som MorgenbladetUrd og Husmoderen. Ho var tidleg ute med å dokumentere bygdeliv og tradisjonar i Sunnfjord. 
Verk: Rettleiing for De Sandvigske samlinger (1905); Svanøen i Søndfjord (1912). 
Betydning: Ein viktig formidlar av lokalhistorie, byggeskikk og folkekultur frå Vestlandet. 

Anna Holsen 
(f. 1856 – d. 1930) – frå Holsen i Sunnfjord 
Pedagog, kvinnesakskvinne og samfunnsdebattant. Ho arbeidde for å styrkje lærarinnestanden og var ein sentral pådrivar for framhaldsskulen i Noreg. Som skribent skreiv ho artiklar om utdanning og kvinnesak, og fekk statleg stipend til studietur i Europa. 
Verk: Fortsættelsesskoler i Tyskland, Schweiz og Østerrike (1898). 
Betydning: Ei sentral kvinne i norsk utdanningshistorie – og ei tydeleg stemme i kvinnepolitikken. 

Kristine Holsen 
(f. 1863 – d. 1933) – frå Holsen i Sunnfjord 
Forfattar og lærar som skreiv kulturhistoriske romanar med handling frå Frankrike og Italia. 
Verk: La Grande Mademoiselle (1908), Madame de Maintenon (1912), Garibaldi, Italiens frihetshelt (1927) – alle Aschehoug. 
Betydning: Ein kvinneleg forfattar med internasjonalt utsyn i ei tid då få norske kvinner skreiv historiske romanar. 

Martha Ottomine Tynæs 
(f. 1870 – d. 1930) – frå Florø 
Politikar, agitator og skribent i arbeidarrørsla. Ho skreiv artiklar om kvinnerettar, barnelovene og sosialpolitikk. 
Betydning: Ei av dei første kvinnelege bystyremedlemmene i Kristiania og ei sentral stemme for kvinnesaka i arbeidarrørsla. 

Mellomkrigstida (1900–1940) 

Brita Lien 
(f. 1875 – d. 1965) – frå Bygstad 
Diktar og songforfattar. Ho gav ut Femti songar (1920), ei samling folkelege dikt og songar som vart brukte i fråhaldsrørsla og kristne barneforeiningar. 
Verk: Femti songar (1920). 
Betydning: Ei folkeleg røyst i lokal diktartradisjon. 

Juliane (Julli) Wiborg 
(f. 1880 – d. 1947) – frå Ytre Holmedal i Askvoll 
Ein av dei mest populære ungdomsbokforfattarane i si tid. Bøkene hennar vart omsette til fleire språk og var mykje lesne i Norden. 
Verk: Smaafolk (1908), Frøken Kiss (1910), Ragna (1914), Når gjøken galer (1935), alle Cappelen. 
Betydning: Ei føregangskvinne i norsk ungdomslitteratur, med moral og livsmeistring som hovudtema. 

Helga Bekker 
(f. 1886 – d. 1969) – frå Fjaler 
Lege, redaktør og lyrikar. Ho skreiv fire diktsamlingar der liv, tru og kjærleik står sentralt. 
Verk: Digte (1916), Komme ditt rike (1917), Den hellige time (1918) – Albert Cammermeyers forlag. 
Betydning: Ei av få kvinnelege lyrikarar frå Vestlandet tidleg på 1900-talet. 

Rakel Viken 
(f. 1891 – d. 1995) – frå Jølster 
Bygdediktar og prologforfattar. 
Verk: År og minne (1993, posthum). 
Betydning: Ei lokal poetisk røyst som tok vare på tradisjonar og talemål. 

Anna Vårdal Søfteland 
(f. 1895 – d. 1973) – frå Askvoll 
Skreiv erindringsboka Som menneske til menneske (Oslo: Samlaget, 1966) om opplevingar frå andre verdskrigen. 
Betydning: Ei kvinneleg vitneforteljar frå bygda med krigserfaring som tema. 

Samandrag

Dette arbeidet har vist at Sunnfjord har ein rik, men lite synleg tradisjon av kvinnelege forfattarar frå ca. 1700 til midten av 1900-talet. Desse kvinnene skreiv innanfor eit mangfald av sjangrar — frå salmar og folkeminne til lokalhistorie, samfunnsdebatt, kokebøker, romanar og lyrikk — og bidrog sterkt til regionens skriftkultur. At dei i liten grad er kjende i dag, skuldast historiske strukturar: lågstatussjangrar vart ikkje oppfatta som «litteratur», og distriktsrøyster hadde dårlege vilkår i ein litterær kultur dominert av urbane institusjonar og nettverk med menn.

Resultatet er at mykje av kvinnearbeidet frå Sunnfjord aldri vart ein del av den nasjonale litteraturhistoria. Ved å hente fram desse røystene og gi dei ein samla plass, vert eit tapt mangfald av språk, erfaringar og kunnskap synleg igjen.

Kjelder: 

Anne Johanne Kvale: Skrivande kvinner: om og frå SunnfjordJul i Sunnfjord 38 (1969), s. 24–26, 38. 
Nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane (Bibliotekutvikling Vestland).