Bokkasse
For å bestille ei bokkasse til ei skuleklasse eller ein barnehage tek du kontakt med ditt bibliotek.
Vi treng informasjon om kva klassetrinn det gjeld, kor mange det er i klassa og kven vi skal låne bøkene ut til. For barnehage treng vi kanskje avdelingsnamn. For skule må vi ha namn på lærar. Fortel oss gjerne om det er spesielle ynskjer eller behov vi skal ta omsyn til, og om de vil ha både skjønnlitteratur og faktabøker.
Bokkassene vert gjort klare i biblioteket, men må hentast og leverast tilbake av barnehagen eller skulen sjølv. Lånetida for bokkasser er 3 månader.
Treng du fleire eksemplar av same boka, til dømes til ei heil klasse, kan du bestille klassesett. Bibliotekutvikling Vestland låner ut klassesett til grunnskulane i fylket. Samlingane er fysisk plasserte i Førde, og vert lånt ut til alle grunnskulane i Vestland fylke utanom Bergen. Du kan lese meir om lånereglar og korleis du kan bestille klassesett på Vestland fylkeskommune sin nettstad.