Leseknappen

Hjelp til å knekke lesekoden

Leseknappen skal støtte opp under den første leseopplæringa. Hovudmålgruppa er elevar på 2. trinn.

Kva er Leseknapppen?

Sjølve leseknappen er eit emaljert jakkemerke i fargar, utforma av kunstnaren Elisabeth Moseng. Leseknappen er ein parallell til symjeknappen, og er noko borna får når dei har lese eit utval bøker sjølve.

Leseknappen stimulerer born til å lese på eiga hand, anten dei har knekt lesekoden eller er i ferd med å knekke han. Programmet knyter band mellom tre viktige bidragsytarar til born si leseutvikling og leseglede: skule, heim og bibliotek.

Innhald i programmet

Programmet fungerer slik at folkebiblioteka inviterer 2. trinn til biblioteket. Skjema for lånekort vert sendt skulane, som hentar inn informasjon og løyve frå føresette til å lage lånekort. Når borna kjem til biblioteket, får dei lånekorta sine og kjennskap til kva biblioteket er. 

Bibliotekaren har ein liten bokprat, og elevane får med seg heim informasjonsskriv til føresette og forslagsliste over bøker som kan vere gode å lese. Når bornet har lese ti bøker, kan lesekortet leverast på biblioteket og ein får overrekt Leseknappen. Det er ingen tidsfrist for innlevering av lesekortet.