Sommarles
Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje i regi av folkebiblioteka for 1.-7. klasse. Det er ein særs vellukka lesekampanje som engasjerer unge lesarar gjennom sommaren.
Korleis bli med
For å bli med på Sommarles må barna går inn på nettstaden sommarles.no i kampanjeperioden (mai til september) og lage ein profil. Der registrerer dei tal på sider dei har lese. Dei får XP/poeng for kvar side, og kan vinne digitale trofé. I tillegg svarar deltakarane på oppgåver og kan (om dei vil) sjå kva venner les og tener av digitale trofé. Undervegs kan barna også hente små premiar på sitt lokale bibliotek.
Alt innhald på sommerles.no blir overvaka av bibliotekarar.
Fylkeskommunen fungerer som regional koordinator, kontaktperson er Astrid Sundset Moe.
Forsking viser nytten av Sommarles
Funn i forsking gjennomført av Møreforsking og Høgskulen i Volda, tyder på at Sommarles er ein nyttig reiskap for å halde lesedugleiken barna har opparbeida seg gjennom skuleåret ved like. Les meir om forskinga her.