Boktips: Pølsetjuven
- Forfattar:
- Mariann Gretteberg Engedal
Kjell er ni år og fødd inn i ein familie der alle er tjuvar og stel frå andre. Familien bestemmer at Kjell skal stele ting frå huset til kameraten, Pølse-Per. Men Kjell har ikkje lyst til å vere tjuv og stele. Han tenkjer på kameraten sin, og den natta får han ikkje sove.
Pølsetjuven handlar om å ta ulike val og kunne bestemme kven ein vil vere. Boka passar godt for dei eldste i barnehagen og opp til 8-9 år. Det er mykje humor i illustrasjonane og både dei og teksten gjev rom for undring og ulike spørsmål.
Pølsetjuven er debutboka til forfattar og illustratør Mariann Gretteberg Engedal.
Det er 2 bøker til i serien:
- Polititjuven
- Verdas rikaste tjuv
Boktips skrive av Torunn
- Kategorier:
- Boktips,
- månedens bok