Den ville roboten

Forfattar:
Peter Brown
Lån boka

Roboten Roz hamnar på ei aude øy der det bur mange ville dyr og fuglar. Korleis skal roboten greie seg heilt åleine i den ukjente naturen og kan den bli venn med dyra på øya?

Den ville roboten er ei god historie om kvifor det er viktig å vere tålmodig og ikkje gi seg ved første teikn til motstand. Den seier noko om kva som trengs for å vere mennseke, utan at mennesker figurerer i særleg stor grad i boka. Eg vil anbefale den til barn frå 4. klasse og oppover, men gjerne også for vaksne som treng eit løft i leselysta. 

Ingunn, bibliotekar Førde bibliotek


No er boka også filmatisert! 
Bok nr. 2 har tittelen “Den ville roboten rømmer”.

Kategorier: 
Boktips