Folk med angst

Forfattar:
Fredrik Backman

Ein mislykka bankranar rømmer åstaden og hamnar på ei visning der han tar alle til stades som gissel. Han låser seg sjølv inne med to bitre IKEA-misbrukarar, ei gravid kvinne, ein suicidal millionær, eigedomsmeklaren og eit kaninhovud. Til slutt gir han opp og lar alle gislane gå, men når politiet kjem er leilegheita tom. Gjennom vitneavhøyr får vi alle sin versjon av kva som skjedde og det utviklar seg til eit puslespelmysterium om korleis ranaren klarte å flykte.

Folk med angst er ein humoristisk spenningsroman med eit fantastisk persongalleri. Bakteppet er alvorleg nok, men Backman klarer å fortelje historier rundt alle personlegdommane og det heile endar opp på eit vis ein ikkje kunne sjå for seg.

Kristin Standal har anbefalt denne boka.