Øya – god krim

Forfattar:
Adrian McKinty

Den spennande turen til Australia, som skulle binde den nye familien saman, vert eit mareritt. Tom er lege og er relativt nygift med Heather. Dei 2 barna frå førre ekteskap, er slett ikkje begeistra for den nye, unge kona til far. Før Tom skal delta på ein legekonferanse, tek dei ein biltur for å utforske omgjevnadane og hamnar på ei tilsynelatande fin øy. Det skjer eit uhell, og brått er familien jaga vilt, av innbyggarane på øya, som ynskjer hevn og som har skapt sine eigne lover å leve etter.

Ein intens thriller, frå eit litt annleis miljø og landskap!

Adrian McKinty er opprinneleg frå Irland. Med boka Kjeden, som kom på norsk i 2020, fekk han sitt internasjonale gjennombrot.

Torunn Rygg anbefaler denne!