Sunnfjord bibliotek har i veke 17, 22. – 27. april, fokus på FN sine berekraftsmål med mange arrangement og tiltak. Saman med andre bibliotek i Norge og Danmark legg vi til grunn at berekraftsmåla er sentrale for all samfunns- og arealutvikling i dei kommende årene, og bibliotek er ein viktig aktør for å nå måla.
- Fred. 19. april: Lesestund for dei aller minste, 1-2 år, på Førde bibliotek kl. 10.30. Ingunn Fleten les bøker frå Bærekraftsbiblioteket.
- Månd. 22. april: “Jordboka for hagen”. Foredrag med Dag Jørund Lønning, Kl. 19.00, Førde bibliotek. Avgrensa plass. Gratisbillettar på Førdehuset.no.
- Tysd. 23. april: Prosjekt Grøderike Sunnfjord. Oppstart ved BUA i Førde, planting i pallekarmar for alle innbyggarar. Kl. 10-14. Kom og bli med!
- Tysd. 23. april: Møteplass Førde bibliotek. Sosialt treffpunkt for vaksne. Denne dagen med berekraft som tema. Kl. 11-12.30.
- Tysd. 23. april: Ekstraframsyning Kino Førde: Ukjent landskap kl. 19.40. Norsk, prisvinnande dokumentar om ein familie som tok utradisjonelle val for å bu nærme naturen.
- Onsd. 24. april: “Grøndag” på Sande bibliotek. Lesestund og planting med barna.
- Onsd. 24. april: “Bruk av ville vekster”. Foredrag med Hanne Schnitler. Kl. 19.00, Førde bibliotek. Gratis arr.
- Torsd. 25. april: Ekstraframsyning Kino Førde: Ukjent landskap kl. 20.40. Norsk, prisvinnande dokumentar om ein familie som tok utradisjonelle val for å bu nærme naturen.
- Laurd. 27. april: Familielaurdag på Førdehuset. Gratis arr. for barn og familiar. Kl. 11.00-14.00. Mange ulike aktivitetar: Så dine eigne frø, spikke seljefløyte, bingo m.m
Frøbibliotek
Førde og Sande bibliotek har eigne Frøbibliotek, der du kan få og levere frø heilt gratis. Vårt mål er at du snart kan låne frø på alle biblioteka i Sunnfjord!
Alle biblioteka i Sunnfjord kommune har utstillingar med bøker om berekraft og gode lesetips for både barn og vaksne denne veka!
Velkomen til biblioteka våre!
