Leseknappen

Alle 2. klassingar i Sunnfjord kommune får kvart år tilbod om å vere med på leseaksjonen “Leseknappen”. På Vassenden bibliotek var 2. klasse på besøk for nokre dagar sidan. Dei fekk kvar sitt lesekort og fekk høyre ei historie om den vesle bjørnen og den vesle tigeren.

Leseaksjonen er for 2. klassingar og for å få leseknappen må ein lese 10 bøker sjølv, fram mot sommaren. Sjølve Leseknappen er eit jakkemerke i fargar, designa av illustratør Elisabeth Moseng.

Leseknappen: motivasjon og leselyst!